Via Ferrata er eit italiensk ord og ei god oversetting kan vera jernsti. Det er altså ei ruta i eit fjell som er sikra med sikringsmiddel av jern/metall. Den er ikkje berre sikra, men det er også laga til med bøyler slik at ein kan samenlikna det med å gå i ein stige, og det er laga til bruer.
(wikipedia.org)
Bakgrunnen til Via Ferrata kjem frå fyrste verdskrig då dei laga dessa jernstigane i Dolomittane i Italia for å gjera det tryggare og raskare for soldatane å ferdast i fjellet. Grunnen til at det vart laga i Dolomittane var fordi at det her var det harde kampar mellom Italienarane og østerikerane.(wikipedia.org)
Ei Via Ferrata rute er altso ein form for tilrettelagt klatring i fjellet med faste sikringsmiddlar, men ein nyttar ikkje tog til sikring. Sidan ein ikkje nyttar tog vil kan eit fall i ei Via Ferrata ruta føra til større påkjenningar på kroppen, og ein kan treffa på til dømes bøylene som stikk ut ved eit fall. So eg meinar at for nokon som vil prøva klatring er det sikrare å klatra på topptau enn i ein Via Ferrata.
Eg sit at med mange gode erfaringar og opplevingar frå Via Ferrata turen og generelt heile turen til Frankrike. Eg meinar at turen til Frankrike forsatt bør vera ein del av studiet på friluftsliv fordi ein for mykje god klatreerfaring, og ein får opplevd ein annan kultur og korleis dei nyttar naturen som eit turismeprodukt. Det er mykje god læring og opplevingar, men for meg var det også det sosiale i klassen veldig kjekt.
Kjelder:
(http://no.wikipedia.org/wiki/Via_Ferrata Dato: 12.11.11)