Me hadde nokre læringsmål for våre studentar på turen der sporlaus ferdsel var ein av dei. Ordet sporlaus ferdsel er ikkje vanskeleg og misforstå, men kvar enkelt kan ha ulikt syn på sporlaus ferdsel. Difor la me opp til at studentane skulle bli klar over sporlaus ferdsel og ulike tiltak for å gjera ferdselen sporlaus.
Då kan ein spørja om det var sporlaus ferdsel på vår tur? Me gjekk i naturen, hentar ved til bål, set opp telt, et mat og er på do. Alle dessa punkti er ikkje sporlause om ein ikkje tek hensyn til detta. Ta bålbrenning som eksempel. Ein må ha ved til bålet og bålet lagar svimerke i bakken etterpå. Ved kun henta "daudt" tre til ved eller som ligg på bakken, og når det gjeld bålplass kan ein nytta ein eksisterande bålplass eller laga til med stein under til dømes.
Når skal sporlaus ferdsel stå i fokus? Eg meinar me altid skal ha sporlaus ferdsel bakhovudet på tur sjølv om me til dømes er på ei seter med mange teikn på menneskelege inngrep. Me var gode til å passa på at me laga minst mogleg spor etter oss og studentane var også heilt med på at sporlaus ferdsel var viktig.
Vegleiar tur er god erfaring å ha med seg vidare sidan me på B3 friluftsliv mest truleg ei gong i framtida skal bli friluftslivsvegleiarar. Gruppa me hadde med oss på tur kunne mykje og var kjent med det overnattingsturar ute. For meg og Magnus vart det då heilt naturleg å ha ein stortsett demokratisk leiar stil.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar