Årets fyrste tur for B3 friluftsliv var ein klatre og buldre tur til Hallingdalen.
I løpet av turen var eit av læringsmåli at me skulle få kjennskap til dei grove trekka av buldrehistorien og detta fanga mi interesse.
Difor skal eg i detta innlegget skriva litt om buldrehistoria ut i frå den "forelesinga" Vegard Vereide hadde for oss når me skulle buldra i Ål.
Ordet buldring og aktiviteten buldring er ikkje noko nytt innan klatring, det er kanskje den eldste formen for klatring.
I boki en historie om klatring i Norge
Foto:Sigrid Pincus Gjertsen 1900-2000 syner Geir Grimeland til at ordet bouldering som ordet buldring kjem frå vert forklart allereie i 1923. (Grimeland, 2004, s.205). Det engelske ordet boulder stammar frå ordet buldrestein som er eit nordisk ord. Buldrestein var ein rullestein som ligg i ei elv og lagar bråk.Ordet buldre har då skifta betydning etter det har vore ein tur utanlands (Tronstad, ????, s.47).
John Gill er ein person som var tidleg ute med den "moderne" buldringi og fjellklatringi. Det han gjorde var å gå vekk frå god klatreteknikk der du flyttar eit legme om gongen, altså du har tre kontakt punkt heile tida. John Gill var turnar også og det var der han henta inspirasjon til den meir akrobatiske formen for klatring.
Han tok med seg element frå turn til klatring og buldring, og det var han som tok med seg kalk frå turn og inn i klatresporten. Crash-pad/buldrematte kjem også frå turn der dei nyttar turnmatter (Vereide, 2011).
Kjeldeliste:
Grimeland, Geir (2004), En historie om klatring i Norge 1900-2000.
Tronstad, Stein (????), Innføring i klatring.
Vereide, Vegard (veke 35, 2011) Forelesning om buldrehistoria.
Det her e første bloggen eg har sett med kjeldeliste.. Et eksempel å etterfølge for Voe og diverse andre folk...
SvarSlettHusk å ta mykje bilde i Frankrike...
Hehe! D va fyrste gongi før meg og at d skulle vera kjeldelista pao ein blogg, men no veit e om 18 blogga me kjeldelista pao..
SvarSlettBilde i Frankrike ska bli