torsdag 22. september 2011

Rotur i Nærøyfjorden


Roturen vår starta i Undredal som ligg i Aurlandsfjorden ikkje so langt i frå Nærøyfjorden. Det som gjorde denna roturen spesiell var at me nytta sognafæringar. Sognafæringen har lang tradisjon som bruksbåt i Indre Sogn og eg skal i detta innlegget sjå nærmare på korleis sognafæringen vart brukt før moderne ferdsel tok over
og eigne erfaringar med færing.


Sognafæring på land. Foto Bjørn Ola Sveen Volden

Sjølv har eg rodd litt med både sunnmørsfæring, nordfjordfæring og no sognafæring. Eg tykjer at færingen er ein god bruksbåt, og har gode erfaringar med å ro færingar i nesten all slags vær. Etter og ha sjølv brukt færingar tykjer eg at det er ein båtbyggetradisjon me burde ta vare på.

Når ein ror slike båtar over lengre blir ein sår i hendene, men med gode hanskar går detta fint.
Før når dessa båtane var vanlege å bruka i kvardagslivet nytta dei ullvottar med to tomlar (ein tommel på kvar side). Dei hadde to tomlar for at dei skulle kunna snu vottane slik at den slitte delen av votten kom opp.

Færingane vert kalla bruksbåtar, og det er ikkje utan grunn. Dessa båtane vart brukt til søndagsturen i kyrkja, henta slåttegras på teigar langs fjorden, dyr og ro til skulen. Dette er berre nokre dømer på kva dei nytta sognafæringen til før i tiden.

Turen til Nærøyfjorden var lærerik, og eg tykjer det er interessant at me for læra litt om korleis dei nytta fjorden som ferdselsåre. Det at me ror i sognafæringen gjer også til at ein får stor respekt for alt det fysiske arbeidet dei måtte gjera før i tidi som me idag ikkje tenkjer so mykje på.

onsdag 7. september 2011

Klatring og buldring i Gol og Ål


Årets fyrste tur for B3 friluftsliv var ein klatre og buldre tur til Hallingdalen.
I løpet av turen var eit av læringsmåli at me skulle få kjennskap til dei grove trekka av buldrehistorien og detta fanga mi interesse.
Difor skal eg i detta innlegget skriva litt om buldrehistoria ut i frå den "forelesinga" Vegard Vereide hadde for oss når me skulle buldra i Ål.

Ordet buldring og aktiviteten buldring er ikkje noko nytt innan klatring, det er kanskje den eldste formen for klatring.
I boki en historie om klatring i Norge


Foto:Sigrid Pincus Gjertsen 1900-2000 syner Geir Grimeland til at ordet bouldering som ordet buldring kjem frå vert forklart allereie i 1923. (Grimeland, 2004, s.205). Det engelske ordet boulder stammar frå ordet buldrestein som er eit nordisk ord. Buldrestein var ein rullestein som ligg i ei elv og lagar bråk.Ordet buldre har då skifta betydning etter det har vore ein tur utanlands (Tronstad, ????, s.47).


John Gill er ein person som var tidleg ute med den "moderne" buldringi og fjellklatringi. Det han gjorde var å gå vekk frå god klatreteknikk der du flyttar eit legme om gongen, altså du har tre kontakt punkt heile tida. John Gill var turnar også og det var der han henta inspirasjon til den meir akrobatiske formen for klatring.
Han tok med seg element frå turn til klatring og buldring, og det var han som tok med seg kalk frå turn og inn i klatresporten. Crash-pad/buldrematte kjem også frå turn der dei nyttar turnmatter (Vereide, 2011).

Kjeldeliste:
Grimeland, Geir (2004), En historie om klatring i Norge 1900-2000.

Tronstad, Stein (????), Innføring i klatring.

Vereide, Vegard (veke 35, 2011) Forelesning om buldrehistoria.