lørdag 12. november 2011

Frankrike

Heile B3 friluftsliv på sin siste tur, og då til Frankrike. Me hadde leir på ein liten campingplass i ei liti bygd som heitte Correns og ligg i Provence. Der i frå var det kort veg til eit godt klatrefelt som eigna seg godt for læringsmåli for turen. Sjølv om mykje av turen handlar om klatring er det studenttemaer og andre utflukter på turen. Detta innlegget skal handla om Via Ferrata turen til Peille som var ein av utfluktene.

Via Ferrata er eit italiensk ord og ei god oversetting kan vera jernsti. Det er altså ei ruta i eit fjell som er sikra med sikringsmiddel av jern/metall. Den er ikkje berre sikra, men det er også laga til med bøyler slik at ein kan samenlikna det med å gå i ein stige, og det er laga til bruer.
(wikipedia.org)

Bakgrunnen til Via Ferrata kjem frå fyrste verdskrig då dei laga dessa jernstigane i Dolomittane i Italia for å gjera det tryggare og raskare for soldatane å ferdast i fjellet. Grunnen til at det vart laga i Dolomittane var fordi at det her var det harde kampar mellom Italienarane og østerikerane.(wikipedia.org)

Ei Via Ferrata rute er altso ein form for tilrettelagt klatring i fjellet med faste sikringsmiddlar, men ein nyttar ikkje tog til sikring. Sidan ein ikkje nyttar tog vil kan eit fall i ei Via Ferrata ruta føra til større påkjenningar på kroppen, og ein kan treffa på til dømes bøylene som stikk ut ved eit fall. So eg meinar at for nokon som vil prøva klatring er det sikrare å klatra på topptau enn i ein Via Ferrata.

Eg sit at med mange gode erfaringar og opplevingar frå Via Ferrata turen og generelt heile turen til Frankrike. Eg meinar at turen til Frankrike forsatt bør vera ein del av studiet på friluftsliv fordi ein for mykje god klatreerfaring, og ein får opplevd ein annan kultur og korleis dei nyttar naturen som eit turismeprodukt. Det er mykje god læring og opplevingar, men for meg var det også det sosiale i klassen veldig kjekt.

Kjelder:

Vegleiartur

Eg og Magnus hadde i utgangspunktet tenkt oss ein overnatting ved Fjærlandssetvatnet og ein på Slakken og gå ned Stedjeåsen. På grunn av mykje snø valde me ein overnatting på Lerheimstølen i staden for ved Fjærlandssetvatnet.

Me hadde nokre læringsmål for våre studentar på turen der sporlaus ferdsel var ein av dei. Ordet sporlaus ferdsel er ikkje vanskeleg og misforstå, men kvar enkelt kan ha ulikt syn på sporlaus ferdsel. Difor la me opp til at studentane skulle bli klar over sporlaus ferdsel og ulike tiltak for å gjera ferdselen sporlaus.

Då kan ein spørja om det var sporlaus ferdsel på vår tur? Me gjekk i naturen, hentar ved til bål, set opp telt, et mat og er på do. Alle dessa punkti er ikkje sporlause om ein ikkje tek hensyn til detta. Ta bålbrenning som eksempel. Ein må ha ved til bålet og bålet lagar svimerke i bakken etterpå. Ved kun henta "daudt" tre til ved eller som ligg på bakken, og når det gjeld bålplass kan ein nytta ein eksisterande bålplass eller laga til med stein under til dømes.

Når skal sporlaus ferdsel stå i fokus? Eg meinar me altid skal ha sporlaus ferdsel bakhovudet på tur sjølv om me til dømes er på ei seter med mange teikn på menneskelege inngrep. Me var gode til å passa på at me laga minst mogleg spor etter oss og studentane var også heilt med på at sporlaus ferdsel var viktig.

Vegleiar tur er god erfaring å ha med seg vidare sidan me på B3 friluftsliv mest truleg ei gong i framtida skal bli friluftslivsvegleiarar. Gruppa me hadde med oss på tur kunne mykje og var kjent med det overnattingsturar ute. For meg og Magnus vart det då heilt naturleg å ha ein stortsett demokratisk leiar stil.